❤️ Hjelp Katrine til nye steg og nye moglegheiter!
I 2025 vart livet til Katrine snudd på hovudet. Ei alvorleg bilulukke førte til at ho mista begge beina, og livet slik ho kjende det, vart forandra for alltid.
Men Katrine har nekta å la ulukka definere kven ho er.
Med ein imponerande styrke, eit enormt pågangsmot og ein vilje av stål har ho kjempa seg gjennom lange sjukehusopphald og krevjande rehabilitering. Ho har måtta læra kroppen sin å kjenna på nytt – og læra seg å gå igjen - noko kirurgane ikkje hadde nokon garanti for at ho ville få til.
No ynskjer me å hjelpa Katrine med å ta nye steg! ❤️
For å kunne leve eit mest mogleg aktivt og sjølvstendig liv ynskjer Katrine seg nye kneprotesar som kan gi henne større rørslefridom og fleire moglegheiter i kvardagen. Dessverre får ho ikkje desse dekte av det offentlege - i alle fall ikkje på lang tid. I praksis vil dette bety at ho ikkje kan utvikla seg meir og at ho vert tvungen til å nytta krykkjer for å gå.
Difor har me eit ynskje om å starte ein spleis for at Katrine skal ha dei muligheitane ho ynskjer seg og for at livet skal vera litt enklare.
Målet er å samle inn pengar til nye kneprotesar, men dersom me klarer å samle inn meir enn det som trengst, ynskjer me også å bidra til ein tilpassa terrengsykkel, slik at Katrine igjen kan få oppleve gleda og fridomen ved å kome seg ut i naturen.
Det handlar om fridom, meistring, sjølvstende og livskvalitet.
Katrine har allereie kjempa ein kamp dei færraste av oss kan førestille seg. No håpar me at me saman kan gjere vegen vidare litt lettare.
Alle bidrag, store som små, betyr mykje. Og om du ikkje har høve til å bidra økonomisk, er me utruleg takksame om du deler Spleisen vidare.
❤️ Saman kan vi gi Katrine nye moglegheiter og nye eventyr å sjå fram til!
Tusen takk for all støtte og omtanke! ❤️
Dersom Katrine får medhold på klage til NAV og alikevel får innvilga nye kneproteser, går pengane til sykkel.
Du kan lesa reportasjar om ho her:
https://www.nrk.no/direkte/xl/mangedoblet-risiko-for-selvmord-blant-traumepasienter-_-men-det-finnes-hap-1.17746744
https://www.fysioterapeuten.no/amputasjoner-fysioterapeut-fysioterapeuter/ma-bli-kjent-med-kroppen-pa-nytt/165448
