TVL trenger din støtte!
TVL er ein kristen TV-kanal som eg har blitt veldig glad i. Det er imponerande kva ein liten stab har fått til i løpet av nokre få år. Økonomien kunne vore betre, likevel opplever eg ikkje mas frå TV-skjermen. På søndag kveld orienterte TVL-sjefen Alf Gjøsund om den økonomiske situasjonen. Målet er balanse i rekneskapen, men slik det ser ut nå må ein likevel kutte i budsjettet.
Eg opplever at kanalen gir kunnskap, ettertanke og håp, og hjelper meg til å reflektere. I den grad kanalen brukar peikefingeren, - er det for å peike på Jesus.
Eg håpar at mange vil vere med å støtte arbeidet med denne flotte TV-kanalen, og at dette kan bli ei solid handsrekking til TVL. Vil du bli fast givar, så gå til dette Vipps-nummeret: 76 34 56. Her kan du gi ei enkeltgåve eller sette opp eit fast trekk.
