Hjelp 6.klasse på moster skule til å nå draumen om skandinavisk finale i FIRST LEGO LEAUGE.
6. klasse på Moster skule har akkurat opplevd noko heilt fantastisk – dei har vunne den regionale finalen i FIRST LEGO LEAUGE! Dette betyr at klassen har kvalifisert seg til å representera Bømlo og Sunnhordland i den skandinaviske finalen i Lund i Sverige, som går av stabelen siste helga i november.
Elevane gler seg enormt til å visa fram teknologiløysingane, robotprogrammeringa og ikkje minst lagånda si på den internasjonale scenen. For ein heil klasse på reise kostar det mykje pengar, og finansieringa må på plass innan kort tid på grunn av påmeldingsfrist.
Vårt store ønske er å skaffa så mange sponsorar og bidragsytarar som mogleg, slik at draumen om å reisa til Sverige kan bli verkeleg. Totalt ser me føre oss at me treng om lag 250 000 kr for å gjennomføra turen.
Alle bidrag – store som små – hjelper oss nærare målet. Me har veldig dårleg tid, og set utruleg stor pris på all hjelp me kan få.
Med venleg helsing
stolte foreldre og ivrige elevar ved Moster skule.
