Skandinavisk finale First Lego League
7. klasse på Bratteberg skule har kvalifisert seg til den skandinaviske finalen i First Lego League, som går av stabelen i Lund i Sverige 27.-28. november. Elevane – og vi foreldre – er svært stolte av prestasjonane deira, og vi håper dei får moglegheit til å vise kva dei er gode for også i den skandinaviske finalen.
Elevane har sjølve jobba for å bygge opp klassekassa, men dei pengane dekker ikkje alle utgiftene i samband med turen. For å kunne reise til Lund og delta i finalen treng dei difor ekstra støtte.
No håpar dei at mange vil vere med og bidra, slik at heile klassa kan få oppleve den skandinaviske finalen i First Lego League saman.
