Ris/det viktigste til familiar i Gambia
❤️ 50 kroner kan bety meir enn du trur ❤️
Vi sit her i Norge og gledar oss til jul. Black Week, julegåver, god mat, pynt og alt det fine som høyrer desember til.
Samtidig finst det familiar i Gambia som kjempar for å få nok mat til å overleve.
Familiar med 6 barn kan bu på eitt lite rom, ikkje større enn badet vårt. Dei har kanskje ei madrass på golvet, og lite eller ingenting anna. Ris er ofte det einaste dei har råd til å ete – og kanskje berre eitt måltid om dagen, dersom dei har råd til ris.
No er fleire fantastiske damer frå Butterfly Friends i Gambia. Dei besøker skular, helsesenter og familiar som lever i ekstrem fattigdom, og får sjå behova med eigne auge.
Eg følg har lyst til å bidra til at fleire familiar får mat på bordet. ❤️
Kva om vi, midt i all julehandel og Black Week, kunne gått saman og samla inn pengar til ris – slik at familiar kan ha mat å ete ut året?
Om mange nok Vippsar 50 kroner, kan det utgjere ein stor forskjell.
Eg anbefalar selfølgelig å bli fast fadder hos Butterfly Friends for 300 kr i månaden. Det er ein fantastisk måte å bidra på, og pengane går direkte til arbeidet i Gambia.
Men dersom du ikkje har moglegheit eller ønske om å bli fast fadder, håpar eg du vil bidra med 50 kr – eller det du har moglegheit til – til spleisen. ❤️
Små beløp frå mange kan bli til noko stort.
La oss gi litt av det vi har, slik at andre får det mest grunnleggande – mat.
❤️ Tusen takk for at du bryr deg ❤️
Les meir om Butterfly Friends: https://butterflyfriends.no/no
