Nye marsjar og ensemblenotar til Haus Musikklag!
Pengane vil gå til innkjøp av nye marsjar og ensemblenotar til bruk på speleoppdrag for musikklaget.
Støtt gjerne Haus Musikklag med nokre kroner slik at me kan tilby nye musikkopplevingar for bygda vår! Dei gamle marsjane er noko utdatert og heile bygda vil kunne nyte godt av litt nytt repertoar.
I år har me bestemt oss for å lage ei ensemblegruppe som kan stille på mindre speleoppdrag for musikklaget, til dømes til private arrangement, konkurransar, idrettsareangement blant anna.
Denne gruppa treng eigne notar spesifikt til slike føremål, difor må me kjøpe inn eigne ensemblenotar av god kvalitet.
Hjelp oss med å gje dykk ei betre musikkoppleving!