Uniformer til Sagvåg Skulekorps
Draumen vår er å gi korpsingene nye uniformer til 17.mai
Musikantene i skulekorpset vårt treng nye uniformer. Me har ikkje uniformer nok til dei eldste og draumen er å stille i nye alt til 17.mai. Til det treng me litt ekstra drahjelp frå bygda vår. I mars deltok me i forestillinga «Korps» i lag med alle dei andre skulekorpsa i kommunen og berre nokre av korpsingene våre kunne stille i uniform. Dei andre lånte jakker av andre korps. Til hausten venter ny forstilling og då skal me også være klare i nye fine uniformer .