Noteklyper og slagverkseler til 17.mai
Musikantane treng nye noteklyper og trommeslagerane treng nye seler. Hjelp korpset til å få nytt utstyr til 17.mai og marsjeringa
Korpset treng sårt nye noteklyper og seler til slagverkarane. Klypene blir bøyd og tilpassa instrument og musikant for kvar 17.mai, slik at dei til slutt ryk og ikkje lengre er brukande. Korpset har fått to nye aspirantar på slagverk og dei treng seler til tromma si. Den eine selen me har er totalt utsleten etter mange års bruk.
Støtt korpset slik at me kan spele og marsjere i 17.mai toget i år og!