Kjøp av forsamlingslokale på Hellevik
Vi samlar inn pengar til å kjøpe kafeen på Hellevik for å sikre bygda ein møteplass.
Hellevik har ikkje lenger tilgang på skulebygget som forsamlingslokale og Hellevik Eigedom/Hellevik grendelag ynskjer å kjøpe kafeen i butikkbygget til dette føremålet. Slik kan vi sikre at folk fortsatt har ein stad å møtast, feire 17.mai, halde basarar, strikkekveldar o.l! Det er svært viktig for bygda at vi har ein slik møteplass. Fjaler kommune har støtta oss med 500 000 kr og Merkur-investering med 300 000 kr, det er vi veldig takksame for! No går vi ut til bedrifter og private og søker om støtte til dei resterande 100 000 kr av takst, pluss omkosningar m.m.