SoFjo Pride 2020 🏳️🌈
Stadig fleire LHBT+ menneske flyttar frå distriktet og Sogn og Fjordane for å kunne vere den dei er og elske den dei ynskjer. Målet for Sofjo Pride 2020 vil vere å motvirke dette, det vil gje meir vekst i fylket vårt.
I 2020 skal vi også arbeide aktivt saman med kommunane og utvikle handlingsplanar for LHBT+ mennesker, som Hadeland, Bergen og andre har gjort før oss.
Ein fersk rapport frå institutt for samfunnsforskning og barne- og familiedirektoratet syner til at heile 23 prosent av LHBT-personar har blitt utsatt for hets og truslar. Dette er dobbelt så mykje som befolkninga ellers.
Etter fjorårets SoFjo har vi fått tilbakemelding på at fleire LHBT+ mennesjer ikkje turte å møte opp i vår parade for dei ikkje endå tørr å stå fram i kommunane våre. Dette må vi motverke saman!

