LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Rjukanfossen

Rjukanfossen

Alle pengane som kjem inn skal vera med på å dekka kostandane til den doble CD-produksjonen.

                        Bli med på dugnadsinnsats for vår genuine folkemusikk.

Brenn du for å ta vare på norsk folkemusikk? Brenn du for å gjera ein av våre eldste folkemusikktradisjonar tilgjengeleg for publikum? Då er du komen på rett plass. Vi skal nemleg til Tinn i Telemark og tradisjonen etter spelemannen Knut Dahle (1834-1921).

Om di intereesse for folkemusikk og dans ikkje høyrer heime i dette distriktet , så er vi ikkje fleire i denne folkemusikkfamilien enn at vi av og til må kunna støtta kvarandre litt. Det er ikkje lett å få stønad gjennom dei vanlege kanalane. Noko har vi fått, men når NRK, som sit på materialet, skal ha seg så kollosalt betalt for å ferdigstilla materialet, så tærer det på budsjettet. Men vi gjev ikkje opp og håpar at di støtte, stor eller lita, vil vera med på å "ro det heile i land". 

Det skal gjevast ut ein dobbelt-CD med dei kjende spelemennene Gunnar og Johannes Dahle. Spelemannsbrørne frå Tinn i Telemark er begge arvtakarar av ein musikktradisjon som er av dei rikaste og eldste vi finn innanfor slåttemusikken vår.
Brørne Gunnar og Johannes har alltid hatt ord på seg for å gje tilbake i stor mon det dei arva. Det var ikkje nei i deira munn når det var spørsmål om speling. Det kunne vera det å læra frå seg, eller det å spela for andre.
Heimane deira stod opne både kvardag og helg. Alltid imøtekomande. Dei var ikkje tunge å ha med å gjera. Dei gav like mykje som dei fekk, og det dei fekk når det galdt felespel og forteljarkunst var fyrst og fremst gjennom bestefaren Knut. Dette kjende dei som eit kall å gje vidare til komande slekter.
Det er i takk til desse to spelemennene, og det at vi fekk lærar direkte, at vi kjenner det som vår plikt og oppgåve å vera med på å gjera dessse innspelingane tilgjengelege både for yngre og eldre. Sjølv om det har vore gitt ut musikkk med desse to spelemennene før, så er det eit så stort materiale å ta av og som det er viktig å få gjort tilgjengeleg.

Dette vil bli ein glytt inn i ei musikkskatt som kan verka framand i dag, men etter som du lyder så kanskje det vil opna seg ei verd som du finn både interessant, spanande og utfordrande.

NB!! Planen var å lansera CD-platene på Landskappleikn i Tinn til sommaren, men som du veit så er vi i ein svært spesiell situasjon på landsbasis, og at Landskappleiken 2020 er avlyst, så må vi utsetja ferdigstillinga. Den umiddelbare tanken var å utsetja det heile til nest års LK, i Tinn, men det er lite truleg at vi kan gjera det. Det har sin grunn i støtta vi m.a. har fått frå Kulturrådet. Dei har sine fristar for slike prosjekt, og rapport skal leverast, alt innan ein frist. Slik sett må vi sjå oss om etter ein ny dato i 2020. Sjølv om ferdigstillinga vert i 2020 så kan ein likevel ha ei "nylansering" i Tinn i 2021. Det året er det nemleg 100 år sidan Knut Dahle døydde. Slik sett vil vi finna ei høveleg markering for presentasjonen av prosjektet. 

Tittelen er endra til "Rjukanfossen" sidan det ikkje vert spel og dans "Frå morgon til kveld" til sommaren. Med den tittelen veit ein iallfall kvar i landet ein er, og fossekrafta har hatt ein viktig funksjon i Tinnsamfunnet i lange tider. Vi håpar dei som alt har gjeve stønad ikkje ser på tittelendringa som eit minus. 

Det kostar å produsera CD-plater og for at vi skal kunne ro dette i land så vender vi oss til deg som nettop brenn for folkemusikken vår. Ved å gje ein skjerv til produksjonen er du også med på å vidareformidla dette unike stoffet til nolevande og komande slekter. Det er kome inn ein god del pengar, faktisk meir enn Spleisen syner. Vi er svært takksame for det som alt er kome inn, men vi tek gjerne imot meir. Kostnadane er store, men i land skal vi med det heile. 

Du som er med på dette spleiselaget vil vera med i trekninga om fleire gratis CD-plater frå Etnisk Musikklubb sin rikhaldige katalog, i tillegg til å få kjøpa desse to CD-platene utan å "stilla deg i kø". 

Johannes Dahle, ungkar og spelemann, i fullt driv, 79 år gamal . Johannes er den spelemannen med flest innspelingar i NRK sitt folkemusikkarkiv. (Foto: Yisrael Daliot, 1969)

Gunnar Dahle - spelemann, småbrukar og industriarbeidar. Stadig på speloppdrag for dansarar, på dansefestar, konsertar, samkomer av forskjellig art og ein del kappleikar .


Rjukanfossen - eit kjent motiv frå Rjukan. Fossen har også gjeve namnet til ein av våre store slåttar, komponert av bestefaren til Gunnar og Johannes: Knut Dahle

Støttesummen set du inn på: Etnisk Musikklubb, Masovngata 18, 3616 Kongsberg. Bankkonto: 7177.05.07450. NB: Hugs å merkja innbetalinga med prosjektnr. 121 

Mobilnr. til EM: 934 06 734

Den siste storspelemannen i Tinn som fekk læra Dahlespelet direkte, og då særskilt hjå Johannes, var Olav Øyaland frå Tinn Austbygd (1922-2018). Han var ein framifrå arvtakar av Tinntradisjonen og førde han vidare ubrigda. Som leiar i Tinn spelemannslag i mange tiår så vidareførde han tradisjonen til lagsmedlemene, men også til andre spelemenn, og særleg ungdomar, som kom utanfrå Tinnbygdene og ville læra direkte.  

Olav Øyaland (Foto: BLB, 2018)

Den eldste nolevande spelemannen som fekk læra slåttar direkte av Johannes Dahle er Knut Myrann (f.1932) frå Nore i Numedal, busett på Nesbyen. På denne måten førde han vidare den nære kontakten mellom Numedal og Tinn.

Han seier det slik, Knut: - Det er ingen spelemann eg har lært så mange slåttar av som Johannes Dahle. Frå først på 1950-talet til slutten av 1970-åra.

Knut Myrann (Foto: BLB, 2012)

Den spelemannen utanfor Tinn som verkeleg har gjort mykje for å gjera Dahlespelet kjent er Knut Buen frå Tuddal. Ikkje minst gjennom boka "Som gofa spølå" frå 1983. Den har vorte ein "bibel" for alle med interesse for slåttespel. I tilleg har han gjeve ut tre kassettar med Johannes og Gunnar Dahle og elles hatt fleire folkemusikkprogram i NRK med slåttespel frå Tinn. 


Knut Buen (Foto: BLB, 2018)

Folkemusikken og dansen har fått ein renessanse i Tinn dei siste åra. Mange er dei som har teke opp att dansen, kvedinga og spelet. Desse unge som skal føra vidare tinntradisjonen fekk ikkje møta Gunnar og Johannes Dahle, men no kan dei få "møta" desse gjennom denne CD-produksjonen og gleda seg over framifrå spel. Ein speltradisjon som går tilbake til 1700-talet. 

Unge utøvarar frå Tinn/Sandefjord. Luråskappleiken 2013 (Foto: BLB)

Ein av arvtakarane - Luråskappleiken 2013 (Foto: BLB)

    Tinnsjå (Foto: BLB, 2013)

Rjukanfossen

36 230 kroner innsamlet

39 givere
Avsluttet 30.06.2020
144% av 25 000 kr
ETNISK MUSIKKLUBB AS mottar pengene
Bjørn Laupsa-Borge sitt profilbilde
Verifisert
Bjørn Laupsa-Borge
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Bjørn Laupsa-Borge er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×