Støtt IL.Valder sin viktigaste heimekamp med inngangsbilletter og"kjøp"i kiosken ; Valder-Covid 19
Du fekk ikkje sjå frå deg handballkampane på heimebane før Covid -19 tok overtaket på oss, du får ikkje med deg vårsesongen i fotball, du får ikkje vere med på folkefesten Valderløpet. Du kan heller ikkje booke klubbhuset til festlege anledninger og du får ikkje sende barnet ditt på diskotek på klubbhuset. Og med alt dette har du også gått glipp av å kjøpe kaffe , svele, vafler, pølser i brød, snacks, frukt og kaker i kioskane rundt om der du ellers ville kosa deg med idrettsaktivitet.
Men, no har du moglegheit til å støtte oss uansett. Du kan istaden for alt dette ovenfor støtte oss i denne digitale dugnaden og del gjerne spleisen videre.
Vi håper at alle støttespillere der ute; blodfans, medlemmer, støttemedlemmer, familier og kjente nære og fjærne har eit hjerte i klubben og kan hjelpe idrettslaget no.
Ditt bidrag vil vere med å støtte arbeidet med å fortsette god aktivitet, positive miljøer, idrettsglede og fellesskap i lokalmiljøene.
Vi skal vinne over Covid-19!