Førebygge koronasmitte på Madagaskar!
15 050 kr
56 givere
Avsluttet

En tjeneste fra SpareBank 1

15 050 kr100 % av 15 000 kr

Førebygge koronasmitte på Madagaskar!

Såper, munnbind og informasjon til dei mest sårbare

Her i Noreg er me heldige som har eit godt utbygd helsevesen og myndigheitar som er behjelpelege med økonomisk støtte. Men slik er det ikkje alle stadar. Den verdsomfattande pandemien er ekstra vanskeleg å handtere for mindre privilegerte land, som Madagaskar. Omtrent 90% av befolkninga der lever under FNs fattigdomsgrense. Sjølv om me ikkje høyrar så mykje om store utbrot i Afrika endå, må me ta høgde for at det kan vere store mørketall på grunn av utilstrekkeleg kapasitet til testing.

For litt under to månadar sidan kom eg heim frå Madagaskar, der eg har vore eit halvt år gjennom Det Norske Misjonsselskap (NMS). Eg har med eigne auger sett eit svakt helsevesen, folk som ikkje har råd til medisinar og som brødfør seg på inntekta dei tenar på lokalt marknadsal frå dag til dag. Eg fryktar katastrofale konsekvensar i dette tett befolka og fattige landet om Covid-19 spreiar seg.

På Madagaskar støttar NMS nå førebyggande tiltak i omsorgsbyar og helseinstitusjonar som drives av Den gassisk-lutherske kyrke (FLM). Om DU støttar denne Spleis-aksjonen bidreg du med at såpe, munnbind, C-vitaminer, kosttilskot og brosjyrar kjem fram til dei mest sårbare!

Ditt beløp vil vera til stor hjelp!

Smittevern utstyr deles ut. (foto frå Arild Bakke)

Undervisning frå jordbrukskulen eg budde på. No har elevane vore sendt heim til familiane sine ei god stund, for å unngå spreidning. Det er ikkje moglegheiter for å fortsette undervisninga over internett slik som i Noreg. (fotograf Guro Kalstveit)

Mor og son i omsorgsbyen Filadelfia. I omsorgsbyane bur det mange psykisk sjuke saman med frivillige, det vil bli uhyggelige forhold om smitten kjem til desse stadane. (fotograf Guro Kalstveit)

Sosial isolasjon førar til dårleg råd for selgarane på maknadane og deira familie når varene ikkje blir selde som før. (fotograf Guro Kalstveit)


Les meir om aksjonen her:

https://www.bakkekontakten.com/nyhetsglimt.php?id=ad972f10e0800b49d76fed33a21f6698

Opprettet av
Identifisert med BankID
Pengene utbetales til

Orgnr. 940 325 501

Del innsamlingen
Facebook
E-post
Lenke
Instagram
Plakat
Bygg inn
Guro Kalstveit er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.
Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×