Støtt Christian Gaard, fantastisk scene og serveringsstad i unike omgivnadar!
Trandalrock, Trandalblues og Trandal countryfestival kan ikkje arrangerast i år. Festivalane er tre større arrangement på Christian Gaard og viktige inntektskilder for Bygdetunet.

Christian Gaard har hatt ein tøff start på våren og går ein usikker sommar i møte, med mest sannsynleg redusert drift.
Er du ein av dei som:
*Var tenkt deg på ein eller fleire av festivalane i år?
*Synest det er triveleg å ta turen innom Christian Gaard?
*Set pris på at vi har denne fantastiske staden i Hjørundfjorden?
Og ønsker du å hjelpe Christian Gaard gjennom denne tøffe tida?
Då oppmodar Trandalblues, Trandal countryfestival og Trandalrock deg til å vere med og støtte Daniel, Lenita, Linda, Ivonne og Jørn, og gi eit bidrag slik at vi, om ikkje altfor lenge, kan møtast igjen i dei trivelege og fantastiske omgivnadane på Christian Gaard Bygdetun!
