Støtt opprettelse av Landhandleri i Salhus gjennom Salhus Vel
Salhus har i fleire århundre vore ein plass folk har reist til.
For å finna trygg hamn, for å finna arbeid, for å finna ektemake, for å slå seg ned, for å sjå på folkelivet, for å oppleva idrett og kultur, for sjølv å bli dugande i idrett og kultur.
For å handla, ikkje minst.
Salhus har hatt alle slags butikkar. Spesialbutikkar for kjøt og fisk, for gåver og parfyme, for måling og havbruk.
Her har vore bakeri, skomakar og butikk for elektriske artiklar. Kolonialbutikkar var her av alle slag, i tillegg til post og bank og kino og kafé. For ikkje å snakka om dei to store tekstilfabrikkane som bygda hadde. Med sal av undertøy og islendarar, sokkar og T-skorter, tepper og stoff av ulike kvalitetar.
Salhus var ein gong eit heilt sjølvgåande samfunn, den største tettstaden, faktisk, mellom Bergen og Florø.
I fleire tiår no har vi våre utan ein einaste butikk.
Det kjendest til å byrja med sårt, men etter kvart vende vi oss til å peika sørover, mot Mjølkeråen og Toppe, når folk som kom hit, spurde etter nærmaste butikk. Men det kjendest aldri rett eller rimeleg eller fornuftig at ei bygd som Salhus ikkje hadde sin eigen butikk.
Salhus, den gamle møteplassen, har aldri kledd butikkløysa. No blir det på ny butikk i Salhus.
Landhandleriet etablerer seg i O. Nilsen sine gamle lokale. Her var det butikkdrift i tre generasjonar, og no skal det bli nytt liv i det gule bygget på Torget.
Landhandleriet skal vera ein møteplass, for Salhus-folk først og fremst, men Landhandleriet i Salhus har også ein freidig ambisjon om å lokka til seg kundar utanfrå.
For vareutvalet blir rikt og interessant, med ei rad lokale matprodusentar på leverandørlista.
Mellom dei Evanger Pølsefabrikk, Verpelstad Gard, Ostegården og Tysse Gard.
Det blir også ei interiøravdeling med varer frå fjern og nær.
Kvar veke skal det vera råd å finna noko nytt og spennande.
Det vil ikkje berre vera ein plass for kjøp og sal, men også ein plass der det skal vera råd å setja seg ned med ein kopp kaffi for å slå av ein prat med sambygdingane.
For å få dette til er vi avhengig av at bygdefolket kjøper aksjer i Landhandleriet. Ein aksje koster kr. 5000,- og da gir den rett til avkastning hvis generalforsamlingen vedtar aksjeutbyte.
Det andre alternativet for dei som ikkje ønsker å invistere so mylkje, so vil Salhus vel kjøpe aksjer for det beløpet som dei vil klare å få inn på ein spleis. Då kan alle gi eit beløp til Salhus vel som vil bli brukt til aksjekjøp i Landhandleriet. Då er det Salhus vel som vil vere aksjeeiger og ha stememrett på generalforsamling, samt få utbyte frå overskuddet i driften.