Bryggja Grendahus treng reprasjoner!
BRYGGJA GRENDAHUS
Bryggja Grendahus har vore eit kjært forsamlingshus gjennom 25 år, og vi vil gjerne at det skal vere slik i framtida også. Den spesielle våren vi har hatt fører til utfordringar for Grendahusets økonomi, på grunn av svært mange avlyste arrangement.
Det viser seg at Grendahuset vårt har behov for ei nødvendig oppgradering, som skifte av tak og yttervegger på deler av fasaden. Det vil bli nødvendig med eit større lån for å få til dette, men håpar at vi kan få inn litt midlar gjennom eit spleiselag i bygda.
Vi veit at det er mange som er berørt etter Covid-19, og har forståelse for at det kan vera vanskelig å bidra. Men det er ikkje nødvendigvis størrelsen på beløpet det kjem an på - noko er alltid betre enn ingenting, og ALLE bidrag mottas med stor takk!
Har du mulighet til å bidra til et spleiselag?
Ta kontakt for evt spørsmål: bryggjagrendahus@gmail.com
Takk for hjelpa!
Med venleg helsing, Styret i Bryggja Grendahus