Kvam herad si digitale bøsse til TV-aksjonen 2020
I år er den fysiske bøsseaksjonen bytta ut med digital bøssebæring. Me vonar enkeltpersonar og næringsliv i Kvam herad har lyst til å gje eit bidrag. Vert med i kampen mot plast i havet! Kvart bidrag nyttar!
Kva går pengane til i år?
Årets TV-aksjon skal nyttast til å bekjempa plastureining i havet gjennom å etablera og forbetra eksisterande avfallssystem for meir enn 900.000 menneske. Pengane frå årets aksjon vert øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinane og Thailand.
Pengane som vert samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og vert utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto. Sjå kva du kan bidra med til TV-aksjonen.