Hopp til hovedinnhold
Prosjektbilde for Ordførar Per Lerøy  sin digitale bøsse til TV-aksjonen

Nyeste oppdatering

«Fra TV-aksjonen NRK WWF 2020»

Ordførar Per Lerøy sin digitale bøsse til TV-aksjonen

TV-aksjonen NRK 2020 går til WWFs arbeid med å bekjempe plast i havet. Hvert år havner åtte millioner tonn plast i havet. Plasten truer ikke bare dyrelivet, men også oss. Vi skal redusere plastutslippene og ta vare på verdenshavene.

Gje ditt bidrag til årets TV-aksjon og støtt arbeidet med å redusera plastforsøplinga av havet!

Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen. I år vert det ein annleis aksjon. Grunna korona-pandemien kan me ikkje samla inn pengar med dei tradisjonelle bøssene våre, men du kan likevel bidra. Dette året vert innsamlinga elektronisk, så gje ditt bidrag på vips, spleis eller ved å betala inn på kommunen sitt kontonummer. I år går pengane til WWF sin aksjon for å redusera plastforsøplinga i havet. Havet er svært viktig for miljøet og alt liv på kloden. Med ein veksande verdsbefolkning må me i framtida henta stadig meir av maten vår frå havet. For at dette skal la seg gjera må sjøen vera rein og fri for forureining!

Me har lenge vore klar over at verda har ei gigantisk utfordring knytt til forureininga av verdshava. For nokre år sidan gjekk Neptun seniorklubb i bresjen for ein storstilt ryddeaksjon av skjergarden i Austrheim. Dei fekk god hjelp av barn og unge frå  skulane og barnehagane våre, samt bygdelag og andre frivillige som ville ta eit tak for å betre miljøet i strandsona og på sjøen. Ryddeaksjonane var ein suksess og mykje søppel vart fjerna frå skjergarden og levert til NGIR. Aksjonane for å redusera den marine forsøplinga går no vidare. Frå årskiftet og i tre år framover vil prosjektet Rydd Norge bruke profesjonelle aktørar for å fjerne plast i den norske skjergarden. Aksjonen vil bli finansiert av Handelens Miljøfond, ein organisasjon som hentar sine inntekter frå plastposeavgifta. Me har gjennom våre aksjonar i skjergarden starta oppreinskinga av verdshava, men for at det skal monna må det også gjerast ein betydeleg internasjonal innsats. Det er dette pengane frå årets TV-aksjon skal gå til. Ved å støtta årets TV-aksjon er du med å løysa ei av dei størst miljøutfordringane me har på kloden i dag, plastforureininga av verdshava. Me har alle eit ansvar for plastforureininga me ser i sjøen, så la oss saman gjera noko med den. Gjer det ved å gje ditt bidrag til årets TV-aksjon.


Ordførar Per Lerøy sin digitale bøsse til TV-aksjonen

32 400 kroner innsamlet

23 givere
Avsluttet 01.12.2020
64% av 50 000 kr
Per  Lerøy sitt profilbilde
Ikke-verifisert
Per Lerøy
står bak spleisen
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 1 ga anonymt
  2. Britt Aud Rebnord
    Viktig arbeid
  3. Svenia
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Per Lerøy er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår?

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×