1. klasse ved Valestrand skule si digitale bøsse til TV-aksjonen
Me i 1. klasse ved Valestrand skule har lært mykje og er veldig engasjerte i årets TV-aksjon.
Me har lært at:
Havet dekker over halvparten av overflaten på jorda vår. I havet bur det små plankton og fiskar.
No er havet trua. Mykje fordi me mennesker kastar fra oss plast og søppel.
Plast og søppel er skadelig for alt som lever i havet.
Dyrene kan sette seg fast i plasten og bli skadet.
Og noen ganger et dei plast fordi dei trur det er mat.
Då kan dei bli veldig sjuke.
Det meste av plasten som havnar i havet kjem frå mennesker her på land.
Mykje av plasten kjem frå Asia. Mange mennesker som bur der manglar gode plassar å kasta søppelet sitt.
For å ta vare på havet må me få slutt på at plast havnar i naturen.
Pengene til TV-aksjonen i år går til en organisasjon som heter WWF.
WWF står for Verdens naturfond.
Dei vil laga betre system for å ta imot søppel. Det vil dei gjere i fleire land i verda.

I år er den fysiske bøsseaksjonen bytta ut med digital bøssebæring. Me håpar at lokalmiljøet og andre har lyst til å gje eit bidrag.