Gapahuk til Camp-GBU!
Djupt inni skogen, på bakketoppen over Buktinj ligg Camp-GBU. Der har elevane på Gossen barne- og ungdomsskole (GBU) etablert eit fantastisk utandørs undervisningsområde med nærleik til sjø, elv og mark.

1.-4.klasse har uteskole ein dag i veka og nyttar campen mykje til utandørs undervisning. Elevane har saga ned tre, laga ved av det – og dei har rydda og laga bålområder. Dei andre klassane har også vore der mykje, og både "Arbeidslivsfag" og valfag "Natur, miljø og friluftsliv" nyttar området til undervisning og er med på å setje det i stand. Dei har mellom anna ordna med ein liten gapahuk med presenning. Skolen har fått gåve frå Dagsenteret, som har laga benkar til dei og sponsa dei med vedsekkar. Dei har laga skilt og snekra vedskur der nede, samt kjøpt inn to bålpanner som står der fast. Området er fantastisk – elevane klatrar i tre, leikar i bekken og det myldrar av positiv aktivitet når dei er der nede – både når dei har undervisningsopplegg og når dei får boltre seg fritt. Elevane har verkeleg blitt glade i området og lærarane opplever at dei føler eigarskap til det. Det at det ligg i ein skog med nærleik til fjøra er veldig praktisk og opnar opp for mykje utforsking, læring og aktivitet.
Draumen til elevane er å ha ein gapahuk å krype inn i når bålmaten eller matpakka skal nytast i sørvest kuling og regn. Vi i FAU vil hjelpe elevane med få til dette, men treng hjelp av dykk for å få det til. Flott om de har høve til å vere med på denne spleisen!
