LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Framtidsførde

Framtidsførde

Innsamla midler går uavkorta til Framtidsførde og skal brukast til å hindre at Førde blir ei trafikkmaskin i framtida. Vi vil ikkje ha gjennomgangstrafikk i sentrum, men tilretteleggje for mjuke trafikantar.

Vi har fått inn 20 000,- direkte på konto som ikkje har blitt registrert her. :)


Vi er ei gruppe som vil ha ein framtidsretta by. Då må delar av Førdepakken endrast. Til dette arbeidet treng vi pengar. Midlane vil gå uavkorta til dette formålet. Skulle det bli pengar til overs, vil desse bli donert til eit lokalt veldedig formål


Vi vil ha eit triveleg og framtidsretta Førde sentrum. Då må Førdepakken endrast.

I dei fleste byar vert gjennomgangstrafikk og tungtrafikk slusa utanom sentrum.

Med dagens planar vil det bli gjennomgangstrafikk i tre vegar inne i Førde sentrum:

Angedalsvegen - med bru over Jølstra ved Førdehuset

Langebruvegen forbi omsorgssenteret

Fjellvegen i sentrum sør.


Her er hjartesakene våre:

1.  Vi ønskjer gang- og sykkelbru over Jølstra frå Førdehuset.

Vi ønskjer ikkje bilbru over Jølstra ved Førdehuset (tiltak 1)

Dette vil medføre store inngrep på kunstgrasbana og kunstverket Laksen.  Miljøet ved Førdehuset og Festplassen vert forringa. På andre sida av  elva vil biltrafikk øydelegge eit idyllisk område og den mykje brukte  turstien.


2.  Vi vil verne Indre Øyrane og Langebruvegen mot gjennomgangstrafikk (tiltak 12)

Vi ønskjer gang- og sykkelbru – ikkje bilbru over Løken.  

Vegen vil gå rett framom omsorgssenteret, med 6000 bilar i døgnet. Stor  trafikk her vil vere miljøfiendtleg, føre til svevestøv og er i sterk  motstrid til planlagt friareal kring Løken på Indre Øyrane. Fuglelivet  vert også skadelidande.


3.  Vi vil ha gjennomgangstrafikken ut av sentrum, og endre trafikkplanen for Fjellvegen (tiltak 14)

Den gjeldande planen vil hindre utvikling av Sentrum sør til eit aktivt og triveleg sentrumsområde.

Vi ønskjer difor at tunnel i Hafstadfjellet og parkering i fjellhall vert utgreidd.

Det er  mogleg å utvide Rv 5 (Naustdalsvegen) med fleire køyrebanar og  avkøyringsfelt.

4.  Vi ønskjer bru frå Ytre Øyrane til Halbrendsøyra (tiltak 20)

Denne ruta vil føre ein god del av trafikken utanom sentrumskjernen.
Vi vil ikkje ha gjennomgangstrafikk og tungtrafikk der den ikkje høyrer heime.


Det er ikkje for seint å få det til, men vi treng di hjelp og underskrift.

https://www.underskrift.no/vis/8110


Framtidsførde

15 550 kroner innsamlet

18 givere
Avsluttet 01.01.2021
22% av 70 000 kr
Stian Solheim sitt profilbilde
Verifisert
Stian Solheim
står bak spleisen
STØTT MEDIA AS mottar pengene
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Stian Solheim er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×