Eidesjøen Grendahus - Tett tak
Tida er dessverre komen til at vi må gjere noko meir med det flate taket på grenda huset. Vi finn diverre stadig nye lekkasjar, så dette må me ta tak i no før det skaper større og fleire problem på huset.
Dette vil kosta ein god del meir enn det huset har klart å spara opp til no, og vi vil derfor be om di hjelp til at vi kan få utbetra taket snarast mogeleg.
Vi har diverre ikkje hatt mogelegheit til å gjennomføre den planlagde loppemarknaden, alle diskoteka eller basaren i år, pga. Korona-pandemien. Utleige har det også vore lite av sidan pandemien starta. Så vi manglar no ca. 55% av pengane vi treng til å utbetra taket. Dette er ein stor og kostbar jobb, som diverre ikkje kan gjerast på dugnad. Her må me ha inn profesjonelle folk på jobben.
Huset har dei siste tida vore pussa opp litt for litt på dugnad. Vi er og snart ferdige med å pusse opp det nye møterommet, som ligg i 2 etg. under dette flate taket som lek.
Huset har vore mykje brukt dei siste 5 åra til å ferie barnebursdager og andre selskap. Barnedisko, juleverkstad, juletrefest, danseopplæring mm er berre nokre av aktivitetane som er og har vore i huset.
Vi håper derfor de vil trå til og gje oss eit bidrag slik at vi kan reparera taket på deler av huset slik at vi kan fortsetta å ha dette flotte lokalet i krinsen vår.
På førehand TAKK!