Ballbinge Nordbygda
Bli med å spleis på ballbinge på Nordbygda skule.På Nordbygda skule fins det veldig mange fotball-glade barn og ungdom. Kvart einaste friminutt er det aktivitet på den vesle grasflekken på skuleplassen. Den er laga av kapp som var til overs frå da kunstgrasbana på idrettsanlegget blei laga. No vil me skaffa ungane våre ein ballbinge, så dei kan ha betre utbytte av friminutt-fotballen og på fritida.Nedanfor skulen ligg det store idrettsanlegget, eit flott anlegg som etterkvart vil bli opprusta. Men dette anlegget ligg for langt unna skulen til at det kan brukast i friminutta, og står dermed ubrukt i skulekvardagen. Og det er nettopp i kvardagen at fotballgleda vert tent, og framtidige stjerner finn spelegleda!Ein ballbinge vil og kunne brukast til basketball, volleyball, badminton osv. Me i FAU Nordbygda er sikre på at ein ballbinge vil bli meir enn godt brukt kvar einaste dag, til stor glede for liten og stor på Nordbygda skule. Me tok initiativ og realiserte Blåbærhaugen i si tid, no kan du være med å spleise på vårt neste prosjekt!Mvh FAU Nordbygda.