LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Hjelp oss å bli kvitt eternitt-takplatene på Norsk Fjordhestgard!

Hjelp oss å bli kvitt eternitt-takplatene på Norsk Fjordhestgard!

Alle pengane som blir samla inn, går til fjerning av eternittplater på tak, samt nytt yttertak på Norsk Fjordhestgard, samt anna forefallande arbeid. Ingen av pengane skal nyttast i den daglege drifta, og pengane er underlagt eige budsjett.

Midt i Gloppen kommune ligg perla Breim. Her finn du Norsk Fjordhestgard, eit senter for avl og bruk av fjordhesten. I storslått vestlandsnatur ligg anlegget vårt. Vi tilbyr til vanleg aktivitetar både innandørs og utandørs, både rideundervisning og idylliske og spennande turar på hesteryggen.

​Året 2020 er eit år som har bydd på utfordringar, også for oss. Koronaviruset har satt ein effektiv stoppar for alt av aktivitetar, og dette er vi sjølvsagt svært lei oss for. 

Men vi har ikkje lyst til å gje opp, og kva høver vel betre i slike tider enn å ta tak i det som har stått som ein verkebyll lengst? 

Stallen Norsk Fjordhestgard held til i, er eit gammalt kyr- og grisefjøs. I 1988, tre år etter at Gloppeneventyret hadde starta, gjekk ei samling hesteinteresserte bygdefolk saman for å skape eit felles område for alle som dreiv med hest - og til slutt stod stallen klar med 4 stallavdelingar, salrom i den tidlegare siloen og vaskespilt i det som ein gong var mjølkerommet. Garden har frå starten av vore ein dugnadsstall, og låvebrua var då som no fylt med foreldre, hestekarar og oppstallørar som sette seg ned for ein kopp kaffi og ein god prat.

Men fjøsen er bygd med eternittplater på taket, og desse platene er etter kvart blitt så dårlege at det medfører risiko for alle som ferdast eller har arbeidsplassen sin på Norsk Fjordhestgard. Takrennene blir fulle av eternittfliser som renn av taket, det blir støv og skit på loftet - med asbest i, vi får vasslekkasjar som øydelegg taket inne i kantina, i yttergangen, på toaletta og på kontoret. I det heile er det ikkje noko særleg helsefremjande - og heller ikkje særleg fint å sjå på. 

Difor startar vi no ein spleis, for å sjå om vi kan greie å samle inn nok pengar til å gjere noko med det. Målet er ambisiøst, men ein har igjen for det i framtida - all den tid ein ønskjer å ha Norsk Fjordhestgard som eit aktivt og flott tilbod i Breim og Gloppen. 

Om du ønskjer å bidra, så set vi stor pris på det! Målet er å komme i gang med arbeidet til våren, slik at bygget kan stå klart - og trygt - til sommarsesongen byrjar i 2021. Både for dei lokale born og vaksne som har ei genuin eller gryande hesteinteresse, samt for turismen i Breim og Gloppen. Vi har allereie fått prisantydninga på trygg sanering av eternitt-taket, no treng vi berre å skaffe kapitalen til å få gjennomført alt. 

Hjelp oss å sikre dei neste 30 - 40 åra som ein kulturinstitusjon for den norske fjordhesten - vi set umåteleg pris på kvart eit bidrag!

Hjelp oss å bli kvitt eternitt-takplatene på Norsk Fjordhestgard!

16 650 kroner innsamlet

33 givere
Avsluttet 01.03.2021
5% av 300 000 kr
Freddy Sårheim Brakestad sitt profilbilde
Verifisert
Freddy Sårheim Brakestad
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Freddy Sårheim Brakestad er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×