Ulstein veks fram - bok og nettside. I tillegg nettsider med automatisk medlemsløysing.
Framveksten av det moderne Ulstein skal først og fremst handle om frå då kommunen skaut fart og fekk eit markert regionssenter i Ulsteinvik. Dette blir det bok av og lagt ut på nettet. Arbeidet vil gi Ulstein historielag nye nettsider og betalingsportal for medlemskap.
Oppdatere nettsidene til å vere moderne og framtidsretta
Ulstein historielag vil oppdatere sine nettsider og gjere dei meir moderne og funksjonelle. Framtida er digital og nettbasert, og historielaget vil møte framtida med å vere innovative og nyskapande. I dag vert internett nytta som kjelde til å hente informasjon – slik også med historisk stoff.
Fleire yngre brukarar
Vi trur ei moderne og innbydande nettside vil femne ei større brukargruppe og ikkje minst kunne nå yngre brukarar. I tillegg vil alle som høyrer til eller som har interesse av Ulstein og som ikkje bur her, kunne nå informasjon med eit tasteklikk.
Auke talet på medlemmer
Nettsida skal bli betalingsportal for medlemsskap knytt til historielaget. Dette vil gjere arbeid knytt til kontingent og medlemskap langt meir oversiktleg og enklare å adminstrere. Vi håper å kunne spare ressursar og frigjer arbeid.