Hopp til hovedinnhold
Prosjektbilde for Portokostnader sko og klede til menneske på flukt i Europa, Tyrkia og Libanon

Portokostnader sko og klede til menneske på flukt i Europa, Tyrkia og Libanon

Pengane som blir samla inn gjennom spleisen skal den neste månaden uavkorta gå til portokostnader for å få sendt minst 10 store kasser med klede og sko til menneske i Europa, Tyrkia og Libanon som treng hjelp.

Det siste året har eg hatt jamn kontakt med flyktningar og migrantar ulike stader i Europa. Eg har også hatt kontakt med ulike hjelpeorganisasjonar og grupper av frivillige, og eg har sett at pandemien av ulike årsaker har skapt store utfordringar når det gjeld å nå fram med hjelp til dei som faktisk treng den.

Difor bestemte eg meg for å etablere to  Facebook-grupper, ei internasjonal og ei norsk. Tanken er at den internasjonale gruppa er ein møtestad mellom frivillige og flyktningar/migrantar, medan den norske er eit slags koordineringsforum for hjelpesendingar til utlandet.

Etter beste evne, prøver alle medlemmane i den norske gruppa vår å sende pakkar og innhente adresser til folk som treng hjelp.

Det å få oversikt over behova til ein familie eller ei gruppe menneske er nokså tidkrevande og eit lite puslespel. Nye familiar rekrutterer vi frå ulike forum på facebook og gjennom anbefalingar frå folk vi stolar på.

Vi prøvar å prioritere menneske som bur i område der det ikkje finst så mange hjelpeorganisasjonar og frivillige. I prinsippet er arbeidsforma vår enkel: Vi treng ei fast adresse å sende pakkane våre til. Denne adressa kan vere til lokale frivillige som vil hjelpe oss med distribusjon eller direkte til menneska som har bedt om hjelp.

I gruppa koordinerer vi innhaldet i pakkane vi sender til dei ulike familiane, slik at fleire kan sende frå ulike lokasjonar til same adresse.

Dei siste vekene har eg teke imot store mengder klede og sko frå sjenerøse menneske i nabolaget. Eg er veldig takknemlig for alt eg har fått inn. Tilsaman har eg fleire hundre kilo klede, sko, sengetøy og teppe som ventar på å bli ekspedert.

For å få dekt porto til mottakarane av kleda/skoa opprettar eg no ein spleis.

Arbeidet med utsending av pakkar til enkeltpersonar og grupper av frivillige ulike stader i Europa, Tyrkia og Libanon blir koordinert i gruppa "Klede og sko til menneske på flukt i Europa", som no har over 400 medlemmar.

Vi sender pakkar i posten til område med få eller ingen humanitære organisasjonar, og personlig kontakt med mottakarane er viktig for oss. Innhaldet i pakkane vi sender blir spesielt tilpassa mottakarane i forhold til størrelsar, alder og andre behov. 

Relasjonsbygging er ein viktig del av prosessen, og vi følger familiane vi hjelper nokså tett, gjennom meldingar og telefonsamtalar kvar einaste dag.

For meir info om arbeidet vårt, sjå

https://www.facebook.com/groups/817760928791749/

Takk for støtta du vil gi!!

Portokostnader sko og klede til menneske på flukt i Europa, Tyrkia og Libanon

11 750 kroner innsamlet

48 givere
Avsluttet 30.01.2021
235% av 5 000 kr
RUNA GODØ SÆTHER sitt profilbilde
Verifisert
RUNA GODØ SÆTHER mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. Silje Jarnunh
  2. 1 ga anonymt
  3. Christel June Iversen
    Du er FANTASTISK, Runa!♥️
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
RUNA GODØ SÆTHER er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår?

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×