Hindholmen - Slippsetting
Båten MS Hindholmen er den siste eksisterande av dei store stålfiskebåtane som var sentrale i dei store fiskeria på 50-60 talet. Det var hundrevis av desse båtane, men berre ein av dei er verna og restaurert.
Båten vart bygd i klinka stål i 1916 i Kristiansand. Båten er restaurert tilbake til den stand og utsjånad den hadde på 50 talet.
Framleis står Wichmann 3AC maskina frå 1954 ombord, saman med mykje av det andre utstyret frå den tida. Alt fungere og er i dagleg drift. Det er innreia museum i lasteromet, men heile båten er open for publikum.
Båten er sertifisert for 60 passasjerar, så her kan folk vere med ut på tur, og oppleve korleis det var å vere på fiskeri på den tida.


