Bidrag til bygging av kapell på klostertomta. Syltefjellet ( Fjord kommune)
Alle bidrag gjeng direkte på kontoen til bygging av kapellet.
Som ein av dei faste hjelparane til det Gresk Ortodokse klosteret, ynskjer eg å hjelpe med å starte ein spleis for dei. Kapellet vil kome på ein kostnad på ca 1,2-1,5 mill kr, so alle mindre eller større beløp kjem godt med. Namnet til givarane vil for ettertida verte skreve inn i ei bok som skal oppbevarast i kapellet. Vips og kontonummer kan og nyttast. ( sjå vedlegg) Ta gjerne kontakt om de lurer på noko og stikk gjerne innom Klosteret på Ruset, i Fjørå. Det er eit ope kloster. Abedissa er frå Sjøholt og pr i dag er der to nonner.