Utvikling av uteområde/tilbygg ved Bondalen grendahus
Vi er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Bondalen frilynde ungdomslag har i mange år hatt ein draum om å lage til igjen Bondalsparken ved Bondalen grendahus. Det er eit nydeleg område, med elv, grøntareal, tre osv. Tidlegare var det scene for utedans her, og plattingdansane i Bondalsparken var vide kjende. Dessverre måtte denne rivast pga. dårleg stand, men vi ynskjer å få sett opp igjen ein gapahuk/tilbygg til allment føremål i tilknytning til huset. Vi ynskjer å lage til igjen denne perla av ein stad, slik at barn, unge, familiar osv. kan samlast her og ha det hyggjeleg. Parken kan då brukast til kosekveldar, selskap, uteområde ved utleige av huset, familietreff osv. Eit tilbygg vil òg gje eit stort løft for grendahuset, og det vil verte mykje brukt.
Grendahuset vert kalla Bondalen si storstove og vert brukt til bygdefestar, julefestar, bryllaup, selskap, basarar, konsertar, store møter osv. Vi ser òg at når det er arrangement på huset, og folk har lyst ut for å lufte seg og det kanskje er veldig fint veir i tillegg, hadde dette tilbygget vore gull verdt. Det er òg viktig for den vidare framtida til grendahuset, at huset vert brukt og vert vidareutvikla. Vi håpar å få realisert dette, og håpar folk har lyst å støtte spleisen enten gjennom å gje eit bidrag eller ved å stemme på oss.


