Kronerulling for stølsstien i Yksendalen
Vil du vera med på å realisere rehabilitering av stølsstien i Yksendalen? Her får du sjansen! Rehabilitering og oppgradering av stølsstien er eit etterlengta og stort arbeid som mange vil ha glede av i uoverskueleg framtid!
Vi i styret i Stølsvegen Venelag har arbeidd iherdig i fleire år for å skaffe finansiering til arbeidet, og har fått støtte frå mellom andre Kulturdepartementet (spelemidlar), Sparebanken Vest, Olav Thon- stiftelsen, Sparebankstiftelsen SR-bank, BKK, Voss Sparebank og Vaksdal kommune. Vi er komne langt med finansieringa, men manglar framleis ein del midlar.
Fleire privatpersonar har spurt oss om korleis dei kan bidra, og vi har difor oppretta ein Spleis slik at alle som vil kan bidra til prosjektet. Ingen øvre eller nedre grense, alle bidrag er velkomne uansett størrelse! Vil du kjøpa eit heilt trinn? Dette kostar kr. 2.500,- og du vil få navnet ditt på ein plakett der stien startar, med mindre du resereverer deg mot dette. Alle innsamla midlar går inn i potten for rehabilitering av stien.
Stien til Yksendalstølen er gammal, mange hundre år, og er no prega av stor slitasje. Det er Stibyggjaren AS; Geirr Vetti, som er fagleg ansvarleg for arbeidet, som skal utførast av sherpaer frå Nepal. Prosjektet er det første i sitt slag i Vaksdal kommune, og vi vonar at vårt prosjekt vil inspirere andre til å gå i gang med liknande tiltak, til beste for ålmenta.
Planen er igangsetjing sommaren 2021, men dette er som alt anna avhengig av pandemisituasjonen. Uavhengig av oppstartsdato vil alle innsamla midler vil gå uavkorta til arbeidet med stien. Venelaget inviterer private givarar, næringsdrivande, veldedige stiftingar og fond til å bli med på spleiselaget. Bli med på eit spennande og meiningsfylt prosjekt! Meir opplysingar får du ved å kontakte Britt Eide, tlf 901 12 985 eller epost britteide@outlook.com På forhånd takk til deg som vil bli med!