Redningsbåre for å betre beredskapen til Osterøy Røde Kors
Redningsbåre for å betre beredskap på Osterøy
Hei, me i Osterøy Røde Kors Hjelpekorps treng din hjelp for å betra beredskapen på Osterøy. Me i hjelpekorpset treng å kjøpe oss ei redningsbåre med hjul for å kunne betra beredskapen på Osterøy. Ved hjelp av ei slik båre vil me lettare kunna bidra om nokon skulle skada seg ut i terrenget, ved sjøen eller andre plassar det ikkje er veg. Me håpar du vil hjelpa oss å betra beredskapen på Osterøy. Det er fleire og fleire som beveger seg i naturen på den flotte øya vår, men det vil også seie at det er meir fare for skader i fjellet. Hjelp oss slik at me kan hjelpa andre!
