Støtte til Ingrid med familie, for å få lette på det største økonomiske presset.
Etter mange oppfordringer om å få lov å hjelpe, har eg no tatt det svært vanskelige skrittet og oppretta ein spleis.
ALLE bidrag kjem til å bli brukt til å betale inn gjeld til Skatteetaten, som dessverre presser ein allerede stram økonomi ganske hardt.
Eg kan fortelle litt om meg og kva som er problemet, men eg skjønner sjølvsagt at dette i bunn og grunn er min egen feil. Ein lærer vel så lenge ein lever, og ein ting er sikkert. Denne feilen kjem aldri til å bli gjort opp igjen.
Fra 2015-2019 dreiv eg eit eget firma, og målet mitt var å hjelpe andre med både mental trening og kostendringer.
Skal prøve å gjere ein lang historie litt kortare, eg var ikkje tøff nok og altfor opptatt med å kunne hjelpe. Som jo er ein god egenskap, men ikkje om ein skal drive noko sjølv å leve av.....
Oppi alt gløymte eg meg sjølv, og egen helse blei dårligere og dårligere. Eg var ikkje tøff nok til å kreve inn penger EG hadde utestående, sjølv om det førte meg sjølv inn i betalingsproblem pga. det. Eg tok heller ikkje høge nok priser på mine tjenester, noko som jo er fryktelig dumt kan ein sei.
Så her sitt eg sjølv, med dårlig helse og går idag på AAP (arbeidsavklaringspenger) og håper eg ein dag blir frisk nok til å komma meg ut igjen i ein eller anna form for arbeid så mykje eg klarer. Dei økonomiske problema har med andre ord pågått over tid, men gjekk fra verre til værst i slutten av 2020.
Meg og min lille familie er vant med å ha det trangt, men det har me vel egentlig alltid levd meir eller mindre godt med. Men følelsen av at det aldri går rundt, den er vond...
Mykje hadde løyst seg om eg fekk betalt ut mesteparten av gjelda til Skatteetaten, slik at det blei eit avslutta kapittel. Eg har gjort opp ein god del, men det gjenstår ein restskatt totalt på ca. 45.000.
Eg kan legge ved kvitteringer på innbetalinger når dei blir gjort her på spleisen (trur det er mulig).
Alt som evt. måtte bli av overskudd, kjem eg til å donere vekk til ein organisasjon som hjelper dei som slit økonomisk. Om det blir aktuelt tar eg gjerne imot gode forslag til organisasjon☺️
Eg veit det er mykje å be om, men etter eg var åpen om dette på min Instagramkonto, var det mange som ønska å hjelpe. Og gjerne ville ha spleis for å kunne hjelpe til. Husk at alle bidrag hjelper, ingenting er for lite og ALT blir satt like stor pris på❤️
Dette satt som sagt langt inne, eg er ein person som tenker på andre forran meg sjølv. Når spleis blei foreslått av fleire, tenkte eg først og fremst på alle som har det både like ille og verre....
Det å be om hjelp er vanskelig, til og med det å ta imot hjelp når det blir «servert» er vanskelig.
Så då var ein barriere brutt kan ein sei, tusen takk for all drahjelp som måtte komme. Det blir satt så stor pris på, at tusen hjertelig takk dekker ikkje.
Eg setter målet til 50.000, så går evt. overskudd til ein god sak❤️