Hindholmen - Høytalar system
M/S Hindholmen er den einaste verna av dei store fiskebåtane. Båten er 105 år gammal og restaurert tilbake til slik den var under dei store fiskeria på 50 talet.
Båten er open for publikum, alle er velkomne ombord. Til vanleg ligg båten ved Sjøsida i Ulsteinvik
MS Hindholmen og Hindholmens Venner er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for den verna fiskebåten kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
.
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 6.september-3.oktober. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.

