Nytt tak på stallen - Norsk Fjordhestgard
Hjelp oss med takprosjektet på Norsk Fjordhestgard!
Alle pengane som blir samla inn, går til fjerning av eternittplater på tak, samt bygging av nytt yttertak på Norsk Fjordhestgard.

Vi rykker stadig nærare ei løysing på fjerninga av eternittakplatene, og nyoppbygging av eit nytt, tett og ordentleg yttertak. På den førre spleisen fekk vi inn 16.000,- og vi håpar at ein ny spleis er det som skal til for å fullfinansiere prosjektet!
Sommaren 2021 har vore ein framifrå sesong for Norsk Fjordhestgard, og det er lenge sidan ein har hatt eit så høgt aktivitetsnivå på området. Ut over hausten har vi fulle ridekurs for born og unge, og ventelister for dei som diverre ikkje fekk plass denne gangen. Dette lovar godt for rekrutteringa!
I tillegg til eigne rideaktivitetar, har vi også vore med Sigrid Moldestad og Pederhuset på arrangement på laurdagar og søndagar i sommar - og vi har møtt mange born og unge som finn stor glede i fjordhesten og Norsk Fjordhestgard.
Vi håpar på å komme i gang med utskifting av taket i løpet av september/oktober, slik at vi er klare til å møte sesongen 2022 med ein stall og eit fellesområde som er tett, trygt og flott.