Vanylven kommune si digitale bøsse til TV-aksjonen
Gi et bidrag på den digitale TV-aksjonsbøssa! I år går TV-aksjonen til Plans arbeid mot barneekteskap.
Vonar alle innbyggarar og alle bedrifter i Vanylven har lyst til å gje eit bidrag til årets aksjon. Saman skal vi gje jenter sjansen til å velge si eiga framtid og eit sjølvstendig liv. 💙
Kva går pengane til i år?
Årets TV-aksjon går til Plan sitt arbeid mot barneekteskap. Med TV-aksjonen i år skal vi nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Pengane som blir samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og blir utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto.





