Ørsta/Volda Pride - feiring av mangfald og toleranse
I perioden 10.-13. mai vert det for fyrste gong halde eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda. Målet med arrangementet er å fremje toleranse, likeverd, fridom og openheit.
Pride-arrangementa engasjerer langt utover det som var den opphavlege målgruppa. I by etter by, stad etter stad, har det dei siste åra vorte halde Pride-arrangement.
No er det Ørsta og Volda sin tur, med eit arrangement for heile Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi som står bak arrangementet i Ørsta og Volda ynskjer å syne at lokalsamfunnet vårt er ope og tolerant, at dette er eit samfunn som vil inkludere alle. Ørsta og Volda skal vere stader der alle er velkomne, uansett kva ståstad eller utgangspunkt dei måtte ha.
I desse mai-dagane vi skal ha arrangementa våre, er det lagt opp til både parade, konsertar, informasjonsverksemd og ymse kulturhendingar. Dette vert utfordrande for oss, då vi byrjar på heilt bar bakke økonomisk. Vi håper derfor at du vil bidra til å realisere arrangementet.