Felles fyrverkeri i Herøy 2021/2022
Vil du vere med å bidra til eit felles fyrverkeri i Herøy?
Vi kan med glede invitere til innsamling av midlar til det første felles nyttårsfyrverkeriet i Herøy.
Etter mange innspel frå fleire hald har vi no sett i gong planlegging og innsamling av midlar til eit stort profesjonelt display fyrverkeri for innbyggarane i Herøy. For å få til dette har vi etablert ein spleis som kan nyttast av private. Vi set no i gong arbeidet med å samle inn nødvendige midlar gjennom gåver frå privatpersonar og sal av marknadsføringspakkar til næringslivet. Storleiken på fyrverkeriet vil stå i stil med det beløpet som vert samla inn. Beløpet skal disponerast i prosjektet Felles fyrverkeri Herøy 31.12.2021.
Det profesjonelle display fyrverkeriet vil bestå av eit stort spekter av effektar i forskjellige dimensjonar. Dei store luftbombene vil ha ein diameter på over 100 meter.
Eksakt oppskytingsstad er ikkje stadfesta endå, men det vert i nærleiken av Fosnavåg sentrum og kan sjåast frå både Vågsplassen, Tverrfjellet og bygdene rundt.
Om fyrverkeriet skulle verte avlyst pga verforhold, koronarestriksjonar e.l., vil innbetalt beløp bli tilbakeført til givar.