Julespleis: Følg Salum Kashafali og støtt skular i Bukavu, Kongo
Det var rørande å høyra om Salum Kashafali på NRK Dagsnytt 22. desember. Para-OL-vinnaren som sjølv kom frå Kongo som 10-åring hadde valt å gi premiepengane sine til organisasjonen Urafiki som på heilt ueigennyttig vis støttar utdanning for unge i Bukavu, Kongo.
Sjå her: https://urafiki.no/
Les om Salums gåve: https://www.nrk.no/sport/kashafali-med-enorm-forjulsgave_-_-det-er-sa-mykje-tull-og-faenskap-1.15772064
Eg har aldri høyrt om Urafiki før, og er berre ein av sikkert mange som vart rørt då eg høyrde om Salums gåve på radioen. Så eg startar denne 7 dagars jule-Spleisen med oppmoding til alle som ser han om å følgje opp Salums flotte gåve.