Port for enklare ombordstigning
Hindholmen søker DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre! Planen er å montere portar i rekka på Hindholmen for at alle skal kunne få gå ombord. Det blir lettare for rørslehemma å kome ombord, og i tillegg auke sikkerheita ved nødsituasjonar. Rekka er av stål og portane må lagast solide av sertifiserte sveisarar, dette medfører kostnadar for oss.
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 31.januar-27.februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.


