SPRING FOR LIVET
Tusen takk til alle som har støttet spleisen vår😊
Takk til Vedde sildoljefabrikk og Sula Rotary som har bidratt for å få inn så mange penger til spleisen👍👍
Barna i Vasset barnehage var heiagjeng då Langevåg skule arrangerte joggedag til inntekt til TV aksjonen i oktober. Og når 4 og 5 åringar kjem på at dei kan lage sitt eige "springeløp" slik at dei får pengar som dei kan sende til barn i Ukraina, då må vi berre henge oss på. Vi utfordrar foreldre, besteforeldre og alle andre rundt barna til å vere med som sponsorar for barna som skal springe. Vi har utfordra bedrifter på Sula, og har allereie fått positive tilbakemeldingar. Hjelp oss å hjelpe!
"Gjennom gode Ukrainske vener, som no bur på Sunnmøre, har vi fått ein direktekanal for å sende pengar til nødhjelpsarbeid i Rivne.
Inna Shargorodska har budd og vore med i kyrkja i Rivne i mange år..så ho veit at dette folket vil det beste for sine medmennesker. Ho er vårt bindeledd.
Rivne ligg litt sør/vest for Kyiv (hovedstaden), og denne regionen er mindre utsatt for direkte kamper.
Kyiv er hardt ramma.
I Rivneområdet er det eit nettverk med kyrkjelydar som køyrer mat og medisinar til Kyiv, og tek med seg folk tilbake til Rivne.
Ukraina er desverre i ei stor humanitær krise.
Dei treng hjelpa vår no.
Vi vil fortløpande hjelpe så langt vi klarer.
Tusen takk til alle som ber og hjelper folket i Ukraina."
Dette er henta fra Facebooksida til organisasjonen.