Støtte til ukrainske flyktningar i Årdal
Mange av mine landsmenn har reist fra alt dei eig og har, flykta frå heimen for å komma i sikkerheit, bort fra krig, vald og frykt.
Nokre av dei har sine næraste familie her i Årdal og har vore på besøk her tidlegare, nokon av dei har gode venner her i bygda.
Mange har teke kontakt med meg den siste tida og spør korleis dei kan hjelpa, difor lagar eg no denne spleisen.
Eg veit at fleire familiar er på veg hit til bygda og at dei vil trenga hjelp frå bygdefolket i denne vanskelege tida, blant anna til reise, til mat og livsopphald og tak over hovudet.
Eg har budd i Årdal i 17 år, eg veit at årdølene stiller opp for kvarandre når det trengst, det er ein stor styrke for dette samfunnet.
Alt som vert samla inn går direkte til dei som treng det – her og no – slik at dei kan få ein god start her i Årdal.
Helsing Nadiya Melniykova
