Ei siste oppdatering før spleisen går ut.
🧡 Kjære alle saman! 🧡
Her kjem ei siste oppdatering før denne spleisen vert avslutta.
Tida etter at Andreas kome heim frå Ecura Bo og Habilitering i Innlandet har vore fin og tung på same tid. Det er godt at Andreas no er heime, men det er tungt å sjå korleis opphaldet, som Ulstein kommune har vore ansvarlege for, har sett sine djupe spor hos Andreas.
Mor Heidi har sendt inn klager til statsforvaltarane i både Møre og Romsdal og Innlandet. I Innlandet har det kome inn klager frå fleire brukarar på Ecura, og det er no starta ei breiare tilsynssak mot Ecura. Det er også starta tilsynssak i Møre og Romsdal mot psykiatrien i Ålesund og Ulstein kommune.
Dersom det er fleire som har dårleg erfaring med Ecura, vil mor Heidi setje stor pris på ei privat melding om dette. Ho har allereie vore i kontakt med eit par personar som har svært dårlege erfaringar med institusjonen. Kjenner du til fleire historier, er det berre å ta kontakt.
Det er svært krevjande dagar i heimen, og vi tek små steg mot ei betre tid kvar einaste dag.
Advokaten jobbar inn mot fleire instansar, og vi vil takke for det livsviktige bidraget du har gitt til spleisen. Ditt bidrag har gjort det mulig å kome dit vi er i dag.
Samtidig veit vi at det vil ta lang tid og mykje arbeid og ressursar å lege alle traumene Andreas no er påført.
No har vi berre nokre få dagar att av spleisen, så om du vil støtte spleisen ein siste gong, vil vi setje stor pris på dette. Del også gjerne innlegget vidare.
Igjen: Tusen takk for hjelpa!
Venleg helsing støttegruppa!