Støtt Fresvik EnSpire skule
Fresvik EnSpire skule er ein friskule med entreprenørskap som profil i Fresvik i Vik kommune. Skulen starta oppi 2020 og har 16 elevar på 1.-7. trinn. Den vart etablert etter at kommunen la ned den offentlege skulen, takka vera eit stort felles løft av heile bygdesamfunnet, folk kunne ikkje sjå for seg Fresvik som ei levande bygd utan skule. Fresvik EnSpire skule har dyktige tilsette og elevar som trivst, og den er ein attraktiv arbeidsplass og eit pulserande hjarte i bygdesamfunnet til glede for alle. Skulen har vore medverkande årsak til at fleire unge familiar har flytta til bygda.
Heilt i frå starten har det vore ein føresetnad at Fresvik EnSpire skule skal vera ein skule for alle, og difor er det uaktuelt at foreldra skal betala for at borna skal gå på skulen. Foreldrebetaling er vanleg for friskular, sidan tilskotet frå Utdanningsdirektoratet ikkje gjev fullfinansiering av skuledrifta. Når Fresvik EnSpire skule ikkje vil krevja inn foreldrebetaling, betyr det at skulen må få inn pengar på anna vis for å kunne halda i gang skulen. Det er særleg utfordrande å sikre nok inntekter i år og neste år. Deretter ser det betrakteleg lysare ut for økonomien: Leasingperioden på datautstyret er over, og skulen får fleire elevar og dermed auka inntekter.
Fresvik Bygdelag ser Fresvik EnSpire skule som ein heilt sentral institusjon i bygda, ja den er avgjerande for at folk skal ha lyst til å bu i Fresvik. Med andre ord er den avgjerande for at Fresvik skal vera ei levande og attraktiv bygd i framtida. Difor startar laget ein spleis – her kan du som bryr deg om Fresvik, om borna og heile bygdesamfunnet få sjansen til å bidra. Du kan lesa meir om skulen på nettsida deira https://fresvik-enspire.no/. Vi set stor pris på alle bidrag til å halda skulen gåande. Helsing Fresvik Bygdelag
PS. Kort om bygda vår: Fresvik ligg ligg ca 35 km frå kommunesenteret i Vik . Fresvik er ei jordbruksbygd med ca. 200 innbyggjarar. I bygda ligg Fresvik Produkt– ei moderne industribedrift for fryse- og kjøleteknologi med 40 – 50 tilsette. Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles identitet. Her er ein storslått natur med nærleik til både fjell og fjord, noko som gir høve til eit aktivt og rikt friluftsliv. Musikkfestivalen Fres festival blir arrangert i Fresvik.
