Tusen takk!
Då er spleisen avslutta. Tusen takk til alle som har gjeve pengar til støtte for Fresvik EnSpire skule! Takk til dykk som har delt og som har utfordra andre og som på andre måtar har hjelpt til at vi klarde å samla 79000 kr til skulen vår. Pengar er også kome inn på andre måtar, så det ser no ljost ut for at skulen klarer den kneiken dei har i år og neste år. Fresvik Bygdalag sender pengane uankorta til Fresvik EnSpire skule så snart vi får pengane overført i frå Spleis.
Venleg helsing og takk
Fresvik Bygdalag
