Nødhjelp for uteområde i Strandvik Barnehage
Innkjøp av rutsjebane
Uteområde i Strandvik barnehage har sett betre dagar.
Me i foreldregruppa i Strandvik Barnehage ynskjer å fornye antikvitetane som står der i dag. Det dukkar stadig opp nye avvik og manglar ved leikeapparata, og no er det på tide å bytte ut dei eldste.
Underteikna gjekk ut av Strandvik barnehage i 1995 og då var det akkurat desse leikeapparata som sto der då.
Me har allereie fått samla inn ein del, men treng all den hjelpa me kan få.