Ulsteinvik barneskule – Saman redder vi liv – TV-aksjonen 2022
TV-aksjonen 2022 skal gi medisinsk behandling til dei som treng det mest. Saman reddar vi liv!
Kva går pengene til?
Akkurat nå ventar millionar av menneske på å bli behandla av ein lege. For mange står det om livet, men tilgang til helsehjelp er ikkje sjølvsagt for alle. Med årets TV-aksjon skal vi bidra til å førebyggje epidemiar og behandle kjente- og ukjente sjukdommar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. Vi skal gi vaksine, tilgang på livreddande medisin og legebehandling.