AK, Kjartan og Nansen til Sydpolen
Me har satsa alt me har for å bringa Nansen til Sydpolen og treng hjelp.
Endeleg skal den ultimate draumen til Fridtjof Nansen skje fyllest: han skal koma til Sydpolen – den eine tingen han aldri fekk gjort. Nansen-ruta skal oppdagast på det store kvite kontinentet og eit flagg med Fridtjof Nansen skal plantast der Amundsen kom 14. desember 1911.
Nansen sjølv bringar fyndordet til ferda:

Me reiser 10. november til Chile og vonar å gå dei fyrste metrane på ski 20. nov frå kysten av Antarktis. Deretter ber det av garde 1100 km på isen i ca 45 dagar. Turen vert gjennomført utan anna hjelp enn eigne føter og ski.
Vel framme skal me planta flagget av Nansen oppå teltet Amundsen sette att i 1911 som no er freda:

Turen kan fylgjast live her: https://www.nansen2022.no/sporing
Me takkar audmjukt for alle lukkeynskje og bidrag på turen og lovar me skal ta godt vare på kvarandre.
Vyrdsamt AK og Kjartan
