Nytt lydanlegg til Lauget scene!
Lauget kaffi og kultur satsar på å framheve lokal kultur på vår scene! Her skal terskelen vere lav for at særskilt unge, lokale og nyetablerte kunstnarar og artistar skal få prøve seg foran eit middels stort publikum. Vi vil satse på eit breitt utval av kultur, med både konsertar, teater, dans og annan scenekunst.
For å kunne ha det tilbodet vi ynskjer, ser vi at vi treng å skaffe oss eit nytt og betre lydanlegg. Til no har vi leigd lydanlegg av lokale (veldig snille!) eldsjeler, men vi treng å ha vårt eige anlegg for å kunne vidareutvikle Lauget som kulturarena.
Til no har vi søkt midlar på alle stadar vi kunne tenke oss, men foreløpig har vi ikkje fått noko.
Difor spør vi no om kanskje nettopp DU vil hjelpe oss på vegen?