Det går mot rekord i Herøy📷!
Takk til alle som har deltatt i fasteaksjonen! Alle rodene vart dekka i Ytre Herøy. Det gav resultatet etter opptelling, kr 34000,- i kontanter + Vipps kr 53000 innan kl 2130 i kveld!
I Indre Herøy og på Leikong har det vorte samla inn kr 41000 (både kontanter og Vipps) til no.
I tillegg kjem 1 offer ved gudstenesta i alle 3 kyrkjene: Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje - som teller med i endeleg sum.
Vi er også spent på kor mykje konfirmantane i Herøy frikyrkje fekk samla inn i kveld?
Fekk du gitt til fasteaksjonen? Viss, ikkje så kan du fortsatt vippse di gåve nokre dagar til. Gåva blir ført på den kommunen/sokn du bur i, så det blir tellande for vårt resultat om fleire vippsar til 2426.
Og den siste UTFORDRINGA: Har du deltatt på spleisen vår? Om vi får inn kr 10000,- så har kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo sagt at han skal hoppe på sjøen!
Takk til alle som har bidratt til aksjonen!
Oppdatering på innsamlingsresultatet kjem om eit par dagar!