Nytt løpedekke for friidrett på Ørsta stadion
Løpedekket for friidrett på Ørsta stadion treng no rehabilitering for at ein skal kunne halde fram med den gode aktiviteten. Løpedekket er no så slite at det må skiftast i 2023. Rehabiliteringa har ein budsjettpris på 3,7 millionar. Vi er heilt avhengige av lokale støttespelarar for å klare å finansiere dette.
Vi vonar at du kan vere med å støtte denne Spleisen. Du vel sjølv kor mykje du vil gi i gåve.
Dei som gir gåve på kr 1000,- eller meir får namnet sitt på eit skilt på stadion som viser alle som har støtta prosjektet. Skriv i så fall namnet ditt i Spleisen slik at vi får det med på skiltet.
Spleisen er mest retta mot privatpersonar. Vi har eigne skiltpakkar for bedrifter. Har du bedrift og har ikkje blitt kontakta av friidrettsgruppa så ta gjerne kontakt.
Ørsta stadion kan allereie i år verte det beste friidrettsanlegget i regionen: Topp anlegg med rehabilitert kunststoffdekke, tribuneanlegg og Ørstahallen. Eit rehabilitert anlegg kan legge til rette for større arrangement som UM, Lerøyleikane, KM, Midt-Norsk Meisterskap, større regionale stemne og meir.
Historia til løpebana på Ørsta stadion: Løpebane - 6 rundbaner i 1962. Fast dekke i 1983. Rehabilitert i 2003. Må rehabiliterast i 2023. Baneeigar er Ørsta IL.
Friidrettsgruppa og friidrettsanlegget i Ørsta har lange tradisjonar. Friidrettsgruppa har arrangert fleire NM og har i snart 100 år hatt eit godt tilbod til barn, ungdom og vaksne.